«….Der leikade fisk ned i kavet….»
Utstillinga «…der leikade fisk ned i kavet….», åpner 14. september 2024 på Museet Kystens Arv. Den viser undervannsbilder fra både nære og fjerne farvatn, tatt av historiker og fotograf Atle Ove Martinussen.
Kl. 12.00
Musikalsk underholdning ved Stine Bogsveen og Jo Ranheim
Velkomst og åpning ved museumsdirektør Sverre Løvli
Foredrag og omvisning ved fotograf bak ustillingen, Atle Ove Martinussen
Flo og Fjæra har lunsjmeny med brokkolisuppe, rekesmørbrød, toast mm.
Gratis inngang til fotoutstilling og arrangementet.
Velkommen lørdag 11.00-15.00
Atle Ove Martinussen forteller selv om utstillinga:
"Havet var levebrødet til kystfolket og ein færing var arbeidplass for 2 til 3 personar. Det er lagt vekt på å visa det skjøre livet i havet og båtar, både nordfjordbåtar, oselvarar og andre tradisjonsbåtar, i utstillinga.
Det er også med bilete av undervasslandskap, dyr og fiskar frå mange verdsdelar, der eg har dykka dei siste åra. Miljøperspektivet og det å ta vare på havet er eit viktig fokus i utstillingane. Det faktum at havet truleg vil bli vårt framtidige matfat gjer at vi må henga om livet i havet og gjera oss meir kjend med kva som er der nede. I havet er marine plantar og alger (tang og tare m.m.)viktige karbonlagre. Havet er svært viktig for miljøet. I utstillingane mine, der utstillinga på Museet Kystens Arv er den fjortande, er det viktig for meg å visa livet i havet. Det er mange som ikkje kan komma seg ned i djupet og då er det viktig å få tilgang til bilete og film av dette, slik at vi aukar medvitet vårt og fleire kan vera med å ta vare på havet.
Undervassfotograf
Kvifor begynte eg å fotografere under vatnet? Eg vaks opp på Turøy nordvest for Bergen heilt vest i havet. I oppveksten hadde eg nærkontakt med havet kvar einaste dag. Eg låg i fjæresteinane og studerte alt liv som var der. Fanga små kryp som eg hadde i glas med sjøvatn for å studera dei på nært hald. Bestefar var fiskar og eg fekk vera med på havet, både i fint vær og ruskevær. Eg lurte alltid på korleis det var nede på havbotn. Det var der ute i nærkontakt med havet at eg fekk ei sterk interesse for livet under vatnet. Så gjekk no åra og eg vart større, flytta frå øyna og tok utdanning og då gløymde eg livet i havet litt.
I 2003 skjedde det endringar i livet mitt og eg begynte å tenkje over kva i livet eg hadde hatt lyst til å gjera, som eg ikkje hadde gjort. Det var då eg kom til å tenkja på at eg aldri hadde gjort alvor av å dykka ned på havbotn for å studera livet i havet. Det var slik dykkeeventyret starta. Eg meldte meg på dykkarkurs for å sjå om eg ville lika å dykka.
På kurset under det første havdykket vart eg sendt ned på botn aleina og skulle venta på dei andre på tolv meters djup. Rundt meg såg eg krabbar og fisk og mykje anna. Det var då eg kjende inni meg at det var som å komma heim. No med over 500 dykk kjenner eg det framleis på same måte og finn stor gleda i å vera under havoverflata. Det å dykka ned i djupet gjev meg enno ei kjensle av å komma heim. Det å vera i djupet er å vera i ei spennande og stille verd, der du flyt vektlaus rundt. Eg fann ut at eg måtte dela denne fantastiske verda med andre.
Dykkinga har ført meg rundt store delar av verda og gitt meg mange fine dykkeopplevingar. Det er likevel ei spesiell oppleving som eg vil trekkja fram her. Det å dykka på Island i Tingvellirvatnet vart ei spesielt stor oppleving. Der dykkar du i Kontinentalsprekka og kan, på nokre plassar, berøra det nord-amerikanske kontinentet med den eine handa og det euro-asiatiske kontinentet med den andre. Du tar på Amerika og Europa samstundes. Du har over 120 meters sikt i krystallklart vatn og svever vektlaus. Det er som å vera på ein anna planet. Det er ei heilt ekstrem naturoppleving. Bilete frå dette dykket er med i utstillinga på Museet Kystens Arv.
Litt om meg og fotograferinga
Eg er historikar og har drive med dokumentasjonsfoto og video i over 40 år. Sidan 2003 har eg også drive med foto og video under vatn både i Norge og andre land, t.d. Japan (Okinawa), Indonesia (Sulawesi), Filippinene, Nicaragua, Maldivene, Malta, Italia (Napoli og Sicilia), Kreta, Polen, Island, Sverige og Egypt. Med bakgrunn som historikar er eg spesielt interessert i vår felles kulturarv og særleg den som er skjult under vatnet. Eg har skrive fleire artiklar om opplevingane i djupet, både i norske og utanlandske dykkemagasin på papir og på nett. Det har blitt samarbeid med marinarkeologar i Norge og andre land, der eg har hatt ansvar for dokumentasjon i samband med marinarkeologiske undersøkingar. Fleire av filmopptaka frå desse undersøkingane er vist på NRK og eit opptak frå kvernsteinlast på Vestlandet er brukt i ein tysk/fransk filmproduksjon ("Frauen Der Wikinger" – ”Vikingkvinnene”), som vart lansert i Tyskland og Frankrike hausten 2014. I serien «Det umulige landet» (ligg på nrk.no) er også mine opptak frå kvernsteinfunn under vatnet vist. Det har blitt tretten separatutstillingar og bileta har mellom anna også vore representert på Vår- og sommarutstilling ved Galleri Bekkjarvik i Austevoll. Fleire museum, m a Museum Vest, Nordfjord folkemuseum og Norsk Maritimt museum, har kjøpt inn undervassbilete og filmar. Bileta er også kjøpt inn av private firma.
Når eg fotograferer er eg særleg opptatt av lys, diagonalar, linjer, fargar og komposisjonar og bruker mykje tid på å finna spennande motiv under vatnet. Motiva kan vera makrobilete av nakensneglar og andre småkryp og vidvinkelbilde av undervannslandskap, fjellformasjonar, vrak, fisk og mykje anna. Bileta blir trykt på ulike materialar som hard skumplate, aluminium, akrylglas, lerret og feire på handlaga kinesisk bambuspapir. Papiret er laga med same teknikkar som for 2000 år sidan. Desse bileta finst berre i eitt eksemplar – unike bilete! Det å bruka ulike materialar til å trykkja bileta på er spennande og kan gje ulike uttrykk i bileta.
Målet med fotograferinga og utstillingane er å gjera den ukjende og stille verda under vatn tilgjengeleg for folk flest og på den måten gjera folk meir medvitne om verdiane i havet og kor skjørt livet i havet er.
Ta vare på havet!!"
Atle Ove Martinussen
Litt om Atle Ove Martinussen:
Martinussen er historiker og har drevet med dokumentasjonsfoto og video i over 30 år. Siden 2003 har han også drevet med foto og video under vatn både i Norge og andre land, f. eks. Japan (Okinawa), Indonesia, Filippinene, Nicaragua, Maldivene, Malta, Kreta, Polen, Island, Sverige og Egypt. Han har lang erfaring med dykking og undervannsfoto.
Han er som historiker interessert i vår felles kulturarv og særlig den som er skjult under vatnet. Han har skrive flere artikler om opplevelsene i djupet, både i norske og utenlandske dykkemagasin på papir og nett. Han har arbeida sammen med marinarkeologer i Norge og andre land, der han har hatt ansvar for dokumentasjon i samband med marinarkeologiske undersøkelser. Flere av filmopptaka fra disse undersøkelsene er vist på NRK og et undervassopptak fra kvernsteinlast er også brukt i en tysk/fransk filmproduksjon ("Frauen Der Wikinger" – ”Vikingkvinnene”), som vart lansert i Tyskland og Frankrike høsten 2014. Han har hatt ti separatutstillinger tidligare og vært representert på Vår- og sommerutstilling ved Galleri Bekkjarvik i Austevoll. Han er kjøpt opp av flere museum, m a Norges Fiskerimuseum (Museum Vest), Nordfjord folkemuseum (MISF) og Norsk Maritimt museum. På Norsk Maritimt museum er en undervannsfilm vist i den faste utstillinga «Oppdag havet» og det er brukt uw-bilde tatt av Martinussen i Båthallen (Bygdøy). Han er også kjøpt opp av private firma.
Du kan studere bilda hans nærmere på nettet:
www.abyss-photo.com (web-side) Her er det også en del dykkefilmer.
www.facebook.no/atleovemartinussen
https://www.facebook.com/abyssphoto
Instagram @atleovemartinussen
Utstillingen «…der leikade fisk ned i kavet….», åpner den 14.september. Den kommer til å vise flere magiske undervannsfotografier av kunstneren Atle Ove Martinussen. Bildene tar for seg livet i havet og hvilken betydning det har for Norge og verden - så vel som miljø og klima. Denne utstillingen er absolutt noe man bør få med seg. Vel møtt!